torsdag 21. april 2011

Påskemoro!

Påsken er ei favoritthøgtid for hobbymennesket K.
Eg likar fargane, det at ein kan gjera det litt crazy og at det er stort rom for "man tager hva man haver"-prosjekter.

I fjor vinter hadde eg kyllingverkstad på jobben, med eggekartongbunnar og vattkuler som basis, samt ein del papir, glitterlim, maling og limpistol.

Då vart dette:
til dette:
Suksessen var så stor at me gjentok det som påskeferieaktivitet i år, og eg fekk velvillige kartongdonasjonar frå kollegene på biblioteket. Blant donasjonane var også ein stabel eggebrett, som ikkje var heilt rett forma for å bli til kyllingkroppar. Men eg fekk veldig lyst til å bruka dei til noko likevel!

Så då tar ein nokon ferdige kyllingar og eit eggebrett...
...maler eggebrettet grønt med akrylfarge...
...og voila! Så har ein plutselig eit kyllingstativ! Eller ein grøn grasbakke som kyllingane leiker på, eller kva ein no vil. Pål sine høner på haugen utslepte, etc.
Det er lett å sjå at dei likar det ;)

Elles så har me påsketre i huset, det er greiner frå ein busk eg klipte ned i hagen for eitpar veker sidan, sett i ei stor krukke med vatn.
S synst det var veldig stas at det sto noko der juletreet pleide stå, dermed vart det døypt til "påsketreet". Ho har pynta det med berre littegrann tips og råd frå mamma (eg har festa på fjørene med ståltråd).


Så ynskjer me alle god påske og skal prøva å vera flinkare til å gi lyd her på Byggeklossar framover!