onsdag 17. august 2011

Hage uten smerte, eller noko

Teller hage som ein hobby? Eg trur det. Me har iallefall hatt ein slags hobby i år, nemlig kjøkkenhagen vår. Det første bildet av den er av uutgrunnelige årsaker opp ned, men eg satser på at de skjønner tegninga likevel:Den vart gravd opp i fjor haust, låg brakk i vinter, nystelt i vår av S & K og sådd med salat, bladbete, gulrot, salatløk, reddikar og squash. Her er me i arbeid:
Som de ser er den ikkje stor, like over meteren brei og kanskje ikkje fullt 3 lang? Delt i soner for å kunna rotera på plantestad, jorda som er tung og leirete oppblanda med kompost. Kunne sikkert hatt i litt sand også, det får bli neste år.

Etter ein salatkrise (alle spirane spist av sneglar i løpet av ei natt), ein vellykka reddikhaust (reddikar veks umåtelig fort!) og ei nysåing såg det sånn ut i starten av juli. Minimalt med stell utenom strøing av Ferramol mot sneglar etter at første skade var skjedd, og så trur eg at eg har luka 2 gonger eller noko sånt.

Melkekartongane er ei utprøving av om det er best å dyrka gulrøtter i melkekartongar uten bunn stukke ned i bedet (dette gjorde Besten min når eg var liten) eller laust i bedet. Eg har tatt 50/50 for å sjekka.
Bladbete er ein villig grønnsak som veks kjempefort og er veldig sunn! Eg bruker den varmebehandla på same måte som spinat, og rå finhakka i salatar.
Me drog på ferie med nok ein reddikhaust + nokon gulrøter i bagasjen i starten av august, og kom heim til anarki. Ertene som står ved verandaen hadde vokse frå små vennlige stenglar til ein jungel!
Nam nam. Både sukkererter og belgerter her.
Og i hovedbedet var alt blitt modent på samme tid! Her er fangsten av gulrøtter, løk og squash. Me har fortsatt nokon løk igjen, masse salat (andre såing var meir vellykka), og squash på gang.
Kan konstatera at dei gulrøttene som voks i melkekartong vart rettare og meir javnstore enn dei som var uten, men ellers var det ingen forskjell.

S nekter fremdeles å spisa grønnsaker, men ho har i det minste hatt det moro med å vera med å dyrka dei! Me har vore heldige med veret i sommar, lite vanning nødvendig og likevel mildt nok til at ting har vokst bra. Anbefaler å laga ein liten kjøkkenhage for den som har ein ledig flekk i hagen sin!

torsdag 21. april 2011

Påskemoro!

Påsken er ei favoritthøgtid for hobbymennesket K.
Eg likar fargane, det at ein kan gjera det litt crazy og at det er stort rom for "man tager hva man haver"-prosjekter.

I fjor vinter hadde eg kyllingverkstad på jobben, med eggekartongbunnar og vattkuler som basis, samt ein del papir, glitterlim, maling og limpistol.

Då vart dette:
til dette:
Suksessen var så stor at me gjentok det som påskeferieaktivitet i år, og eg fekk velvillige kartongdonasjonar frå kollegene på biblioteket. Blant donasjonane var også ein stabel eggebrett, som ikkje var heilt rett forma for å bli til kyllingkroppar. Men eg fekk veldig lyst til å bruka dei til noko likevel!

Så då tar ein nokon ferdige kyllingar og eit eggebrett...
...maler eggebrettet grønt med akrylfarge...
...og voila! Så har ein plutselig eit kyllingstativ! Eller ein grøn grasbakke som kyllingane leiker på, eller kva ein no vil. Pål sine høner på haugen utslepte, etc.
Det er lett å sjå at dei likar det ;)

Elles så har me påsketre i huset, det er greiner frå ein busk eg klipte ned i hagen for eitpar veker sidan, sett i ei stor krukke med vatn.
S synst det var veldig stas at det sto noko der juletreet pleide stå, dermed vart det døypt til "påsketreet". Ho har pynta det med berre littegrann tips og råd frå mamma (eg har festa på fjørene med ståltråd).


Så ynskjer me alle god påske og skal prøva å vera flinkare til å gi lyd her på Byggeklossar framover!

fredag 11. februar 2011

Karnevalstider

Det var karneval i barnehagen i dag, og for eitpar veker sidan stilte eg det fatale spørsmålet "Kva vil du kle deg ut som på karnevalet, S?" Svaret kom lynkjapt og med stor overbevisning: "Grevling!" "Øh, grevling?" "Jaaaa! GREVLING!"

Jaha.
Her har me ein grevling:Så korleis skaper me ein nesten-3åring om til dette staselige søppelspisande dyret?

Vel - man tager
1) ei mor uten oversikt over eigne begrensningar
2) ein far som er villig til å ta store mengder barnepass mens mor mumler på syrommet
3) ein gammal strikkagensar
4) noko svart pelsfleece
5) eit utvaska kvitt fleeceteppe
6) og ein rest med skråbånd

samt symaskina, og eit hettegenser-mønster frå Onion.dk (20033 Trøje, vest, nederdel).
Mykje fri søm, generell hoppsasa og usannsynlige mengder lodottar følger.

Og resultatet ser me her:
Den lille grevlingen sa seg godt nøgd med kostymet:Snutedelen på hetta kan brettast inn i fall ein skulle ha lyst til å sjå noko. Det hender jo at denslags er praktisk.
I dag har ho hatt den på seg i barnehagen, med grå joggebukse og kvit body til, og sjølv om det vart for sterkt å begynna dagen med den så kom den visstnok på etter frokosten, og falt fint inn blant f.eks krokodillar, prinsesser og ein prest (!).

Så er det berre å stålsetta seg for kva det blir neste år...

søndag 16. januar 2011

Og så maler vi litt!

S vil alltid mala. Oftast på tidspunkt der det overhodet ikkje passer å gå i gang med noko sånt. Men i dag var me så heldige å ha tid når ho foreslo det! Så då teipa me fast ein lang papirrull-bit til stovebordet og gjekk i gang. Her er verket:
Noter ute til høgre eit utvalg karakterar frå Drømmehagen malt på oppdrag av mor- med seriøse mengder kunstnerisk frihet, Hinkel Pinkel ser ut som den avskyelige snømann og Ninky Nonken (til venstre) som to grønne romvesener der det eine lukter det andre i rompa. Håper eg snart kan få mala noko anna, det er Drømmehagen kvar gong og eg blir faktisk aldri bedre...

Så til den morsomme detaljen. Eg malte ein grønn "S" på når me fant ut at me var ferdige. Dermed kom det frå S: "No skal eg mala din bokstav mamma!" Og då kom denne:
Men så var ho ikkje heilt fornøyd, og så fulgte ho opp med denne:
Me har altså overhodet ikkje øvd på å skriva. Nokon gong. Så eg syns det er ganske stilig å vera såpass nære når ein er 2 år og 11 mnd, og maler bokstaven K med tjukk pensel og vannmaling.

Mala er uansett veldig moro! Eg trur eg skal kjøpa nokon bedre fargar, for disse Europrisfargane er ikkje akkurat strålande klare. Men me koser oss for det. Anbefales som regnværsaktivitet!

søndag 9. januar 2011

Tegning med forklaring

Litt før jul sto eg ved spisebordet og tegna symønster, og då ville S sjølvsagt sitta ved sida av og tegna. Så ho fekk utdelt ark og tusjar (som ikkje var bra nok sidan ho ville ha akkurat den tusjen eg hadde til eikvar tid).

Etter kvart kom denne tegningen til, med forklaring frå kunstnaren underveis:
"Her e liten runding. Eg e stor jenta kan tegna fin runding."
"Mhm, det e du jammen."
"Her e runding te! Runding utenpå! Det e mamman og bejbin det."
"Så koselig, babyen og mammaen er sammen."
"Mhm." (tegner ein tredje runding utenpå dei to første)
"Endå ein runding? Kem e det då? E det pappaen?"
"Jaha, det e pappan. Stoooooor pappa! Ojoj!"
(tenker litt, tegner så fjerde runding utenpå der igjen)
"Oj, endå ein? Kven er det då?"
(tenker endå litt, så svært frydefullt): "Det e JUUUUULETROLLET som kjem!"
"Juletrollet???? Juletrollet var jammen stort!"
"Ja, juletrollet e STOR og FALI! Seie OÆOÆOÆOÆ!"
"Å hjelpes! Farlige juletroll!"
(S tegner ein siste runding utenpå alle dei andre)
"Kven er det som kjem no då?"
"Det e mamman te juletrollet det."
"Åh? Kva seier ho då?"
"Ho seie KOM HER du ska PUSSA TENNER!"

Jupp.
Det seier mammaer nemlig.

Den kreative prosessen, i hodet på ein nesten 3åring

S: "Mamma, når det blir snø igjen, då kan me laga snømann!"
Eg: "Mhm."
S: "Du kan laga ein harepus. Og eg kan laga snømann. Og nisse! Ooooog pappa, han kan laga løøøøøøva. Og bestemor kan laga elefant!"
K: "Oj, elefant?"
S: "Jah. Og farmor.... kan laga sivaff! [sjiraff]"
K: "Du verden."
S: "Alle sammen må ha dress på. Utedress. Og lange stripete skjerf. Ooooog... lange stripete støvlar!!!!"

Eg gleder meg alt til det blir snø igjen!