lørdag 10. mars 2012

Firkløverbilde

For hell og lukke, ei gåve til ein familie som flytta til ein ny by.

Eg brukte denne oppskrifta på å laga firkløver, men med vanlig stoff i staden for filt, og applikerte dei for hånd på linstoff. Linstoffet vart i sin tur håndsydd til ei metallramme eg hadde hatt liggande i lange tider (muligens frå Panduro? eg pleier å kjøpa sånt på salg i tilfelle eg får ein god ide å bruka det til). Det er litt skakt og skeivt, det var også meininga, eg ville ikkje ha det for "pent".
Teksten er trykt med mitt gamle "Litor Barne-trykkeri" frå 80-tallet på heilt alminnelig bomullsstoff med heilt alminnelig stempelputeblekk. Eg reiv stoffbitane til først og trykte etterpå så det ikkje skulle skje nokon ulykker... "Love Patience Courage" på den eine sida og "Kjærlighet Tålmodighet Mot" på den andre, t-en i Mot vart veldig utydelig, så eg fiksa på den i etterkant. Då vart den litt rar igjen, men det passa med det litt tilfeldige uttrykket.

På baksida, som ikkje er fotografert, limte eg svart papp i samme str som bildet. Kunne godt ha sydd på ein stoffbit i staden, men hadde ikkje tid (impulsprosjekt dette).

torsdag 1. mars 2012

Lag ein fargeholdar! / Make a crayon holder!

Sidan denne sida har vore i dvale ei stund smeller me liksågodt til med ein skikkelig do-it-yourself når me vekker den! Me har ein liten Picasso i hus, og det fører til at det flyt med fargar og tusjar og blyantar og saker og greier overalt. Så eg bestemte meg for å laga ein fargeholdar som kunne henga på kanten av leikebordet!

To celebrate the reawakening of this hobby-blog, a tutorial of how to make a holder for crayons and pens to hang from a table or shelf.

Her er den som ferdig, i slett belysning, men de ser no pointet.

The holder when finished, crappy light but you get the picture.


Det første ein må gjera er å bestemma seg for kor ein skal ha holdaren, og så måla breidda der den skal henga. Kanten av dette bordet var 75 cm. Eg fant ut at 20 cm var passe høgd på bakstykket og 12 cm passe høgd på lommene.

First decide where to put your pen holder, and measure the width of the hanging space. This table is 75 cm wide, and I decided 20 cm would be good for the total height and 12 cm suitable pocket height.

Lommene ville eg laga av ulike lappar, og dei måtte vera litt større enn bakstykket til sammen så det vart litt plass. Eg la på noko over 1 cm breidd pr lomme. Så var det berre å gjera litt matematikk, og koma fram til fylgjande som eg trengte:

I wanted to patch the pockets, and the pockets had to be slightly larger than the back piece to make room for the pens. I added a bit over 1 cm width per pocket, did some math and ended up with this list of requirements:

2 deler til bakstykke (foran og bak), 75 x 20 cm + sømmonn
1 del kraftig vlies til forsterking av bakstykke, 75 x 20 cm uten sømmonn
7 lappar til forside lommer, 13 x 13 cm (det er inkludert sømmonn)
1 del til bakstykke lommer, klipt etter størrelsen på den ferdige lapperemsa
4 hemper til oppheng
1 remse bisebånd til pynt på lommekant

2 pieces for back "body" (front & back), 75 x 20 cm + seam allowance
1 piece heavy vlies to strenghten the body, 75 x 20 cm with no seam allowance
7 pieces for front pockets, 13 x 13 cm, seam allowance included
1 piece backing for pockets, cut to match the finished patch strip
4 loops for hanging
1 strip piping for decorating the pockets

Oooog me starter! Eg bruker sider frå kasserte bøker til å klippa malar av, her ein 13x13 lappemal.

And so we start! I use pages from old books to cut pattern pieces, here the 13 x 13 square.


Lappane er ferdig sydd sammen (1/2 cm sømmonn) og den ferdige remsa brukes til å klippa eit stykke forstoff (eg brukte noko gammal, litt kraftig rød fórsilke). Bemerk mitt vidunderlig ryddige arbeidsbord, sånn er det alltid ;) Så lenge eg kan dytta meg plass til det eg held på med der og då er eg fornøgd.

The patch strip is done (0.5 cm seam allowance) and I use the finished strip to cut the backing from red pseudo-silk. Note my wonderfully organized desk... I am happy as long as I can clear enough space for the current job.

Så var det bisekanten. Eg brukte noko ferdig heimelaga skråbånd eg hadde liggande.
1) Om nødvendig, brett og stryk båndet så råkantane er folda inn.
2) Legg lapperemse og fór rette mot rette, med bisebåndet imellom. Fest det med nåler. Sy ein søm med smal sømmonn.
3) Brett ut og press sømmen frå baksida

Piping! I used home made bias tape.
1) if necessary, fold and iron tape
2) place patch strip and lining right sides together and pin piping in place between them. Stitch together with a narrow seam allowance.
3) Turn out and press

No ser det sånn ut. Tid for å festa remsa til framdelen av bakstykket.

Here is our pocket strip! Time to attach it to the front part of the "body".

1) Legg lapperemsa på framdelen av bakstykket og beregn kor sømmane skal vera for at du skal ha like mykje "lommerom" på kvar lappedel.
2) Nål fast etter dine grundige utrekningar. Eg trur eg hadde ca 10,8 cm på kvar lomme. Flytt på nålene til du er fornøgd.
3) Sy ein rettsaum i kvar sømlinje på lapperemsa.

1) Put the patch strip on the front of the "body" and calculate how to space the seams evenly to make equally sized pockets
2) Pin in place after these calculations - I think I had about 10,8 cm per pocket - move your pins about until you are happy
3) Stitch a straight line down each seamline on the patch strip.

Snu lommedelen og stryk på forsterkningsvliesen. Du kan sikkert bruka papp eller noko som du stapper inni, men då må du gjera ting litt annleis herfrå! Tenk det ut sjølv så går det nok finfint.

Turn the front body and iron the vlies on. You could use cardboard or something else for the backing, but then you have to stuff that in later. I'm sure you will think of a good way to do that.

1)Ta dei fire hempene - eg brukte meir av det samme heimelaga skråbåndet, sydde ein sikksakksøm så innbrettane held seg på plass og bretta dei i to.
2) Legg hempene på rettsida av lommedelen der du vil ha dei (ein i kvar ytterkant, naturlig nok, og så fordeler du dei to andre passande). Legg på baksidestoffet.
3) Nål fast hempene gjennom alle stofflaga
4) Nål rundt resten. Sy rundt. NB: Det er veldig viktig at du no husker å laga vrengeåpning, eg laga min mellom dei to midterste hempene. Eg har gløymt vrengeåpning ørten gonger og det er like irriterande kvar gong ein sit der og spretter opp.

1) Now take your loop pieces - I used more of the same homemade bias tape and "closed" it with a zigzag stitch. Fold them in half.
2) Put the loops on the front of the body where you want them (edges of course, and somewhere in between). Put the backing on top, front side down.
3) Pin the loops down through all layers
4) Pin around the rest of the body. Sew around. Remember to leave an opening to turn the piece out!!! I tend to forget this. Here, I made the opening between the middle loops.

1) Vreng, press ut hjørner og stryk litt så holdaren får fasongen sin
2) Brett inn sømrommet i vrengeåpningen og lukk den etter smak - eg sydde ein pyntesøm langs heile øvre kant.
3) Sjå så pen den er!!!! Jammen er du flink!

1) Turn out the work, push corners out and iron in shape
2) Fold in seam allowance in turn-opening and close it as you please - I made a deco stitch seam all along the top edge.
3) Look how pretty! You are so good at this!!!

No kan den testast ut! Her på veggen i syrommet med litt ting og tang oppi.

Time to test it! Here it is on the wall in my sewroom with some random stuff in it.

For å festa holdaren til bordet brukte eg 4 krokar som eg plasserte etter at holdaren var ferdig sydd, det er den greiaste måten å få dei på rett stad.

To place the holder on the table I used 4 metal hooks, put in place after the holder was made. That way it's easier to get the hook placement just right.

Lykke til - Good luck!

onsdag 17. august 2011

Hage uten smerte, eller noko

Teller hage som ein hobby? Eg trur det. Me har iallefall hatt ein slags hobby i år, nemlig kjøkkenhagen vår. Det første bildet av den er av uutgrunnelige årsaker opp ned, men eg satser på at de skjønner tegninga likevel:Den vart gravd opp i fjor haust, låg brakk i vinter, nystelt i vår av S & K og sådd med salat, bladbete, gulrot, salatløk, reddikar og squash. Her er me i arbeid:
Som de ser er den ikkje stor, like over meteren brei og kanskje ikkje fullt 3 lang? Delt i soner for å kunna rotera på plantestad, jorda som er tung og leirete oppblanda med kompost. Kunne sikkert hatt i litt sand også, det får bli neste år.

Etter ein salatkrise (alle spirane spist av sneglar i løpet av ei natt), ein vellykka reddikhaust (reddikar veks umåtelig fort!) og ei nysåing såg det sånn ut i starten av juli. Minimalt med stell utenom strøing av Ferramol mot sneglar etter at første skade var skjedd, og så trur eg at eg har luka 2 gonger eller noko sånt.

Melkekartongane er ei utprøving av om det er best å dyrka gulrøtter i melkekartongar uten bunn stukke ned i bedet (dette gjorde Besten min når eg var liten) eller laust i bedet. Eg har tatt 50/50 for å sjekka.
Bladbete er ein villig grønnsak som veks kjempefort og er veldig sunn! Eg bruker den varmebehandla på same måte som spinat, og rå finhakka i salatar.
Me drog på ferie med nok ein reddikhaust + nokon gulrøter i bagasjen i starten av august, og kom heim til anarki. Ertene som står ved verandaen hadde vokse frå små vennlige stenglar til ein jungel!
Nam nam. Både sukkererter og belgerter her.
Og i hovedbedet var alt blitt modent på samme tid! Her er fangsten av gulrøtter, løk og squash. Me har fortsatt nokon løk igjen, masse salat (andre såing var meir vellykka), og squash på gang.
Kan konstatera at dei gulrøttene som voks i melkekartong vart rettare og meir javnstore enn dei som var uten, men ellers var det ingen forskjell.

S nekter fremdeles å spisa grønnsaker, men ho har i det minste hatt det moro med å vera med å dyrka dei! Me har vore heldige med veret i sommar, lite vanning nødvendig og likevel mildt nok til at ting har vokst bra. Anbefaler å laga ein liten kjøkkenhage for den som har ein ledig flekk i hagen sin!

torsdag 21. april 2011

Påskemoro!

Påsken er ei favoritthøgtid for hobbymennesket K.
Eg likar fargane, det at ein kan gjera det litt crazy og at det er stort rom for "man tager hva man haver"-prosjekter.

I fjor vinter hadde eg kyllingverkstad på jobben, med eggekartongbunnar og vattkuler som basis, samt ein del papir, glitterlim, maling og limpistol.

Då vart dette:
til dette:
Suksessen var så stor at me gjentok det som påskeferieaktivitet i år, og eg fekk velvillige kartongdonasjonar frå kollegene på biblioteket. Blant donasjonane var også ein stabel eggebrett, som ikkje var heilt rett forma for å bli til kyllingkroppar. Men eg fekk veldig lyst til å bruka dei til noko likevel!

Så då tar ein nokon ferdige kyllingar og eit eggebrett...
...maler eggebrettet grønt med akrylfarge...
...og voila! Så har ein plutselig eit kyllingstativ! Eller ein grøn grasbakke som kyllingane leiker på, eller kva ein no vil. Pål sine høner på haugen utslepte, etc.
Det er lett å sjå at dei likar det ;)

Elles så har me påsketre i huset, det er greiner frå ein busk eg klipte ned i hagen for eitpar veker sidan, sett i ei stor krukke med vatn.
S synst det var veldig stas at det sto noko der juletreet pleide stå, dermed vart det døypt til "påsketreet". Ho har pynta det med berre littegrann tips og råd frå mamma (eg har festa på fjørene med ståltråd).


Så ynskjer me alle god påske og skal prøva å vera flinkare til å gi lyd her på Byggeklossar framover!

fredag 11. februar 2011

Karnevalstider

Det var karneval i barnehagen i dag, og for eitpar veker sidan stilte eg det fatale spørsmålet "Kva vil du kle deg ut som på karnevalet, S?" Svaret kom lynkjapt og med stor overbevisning: "Grevling!" "Øh, grevling?" "Jaaaa! GREVLING!"

Jaha.
Her har me ein grevling:Så korleis skaper me ein nesten-3åring om til dette staselige søppelspisande dyret?

Vel - man tager
1) ei mor uten oversikt over eigne begrensningar
2) ein far som er villig til å ta store mengder barnepass mens mor mumler på syrommet
3) ein gammal strikkagensar
4) noko svart pelsfleece
5) eit utvaska kvitt fleeceteppe
6) og ein rest med skråbånd

samt symaskina, og eit hettegenser-mønster frå Onion.dk (20033 Trøje, vest, nederdel).
Mykje fri søm, generell hoppsasa og usannsynlige mengder lodottar følger.

Og resultatet ser me her:
Den lille grevlingen sa seg godt nøgd med kostymet:Snutedelen på hetta kan brettast inn i fall ein skulle ha lyst til å sjå noko. Det hender jo at denslags er praktisk.
I dag har ho hatt den på seg i barnehagen, med grå joggebukse og kvit body til, og sjølv om det vart for sterkt å begynna dagen med den så kom den visstnok på etter frokosten, og falt fint inn blant f.eks krokodillar, prinsesser og ein prest (!).

Så er det berre å stålsetta seg for kva det blir neste år...

søndag 16. januar 2011

Og så maler vi litt!

S vil alltid mala. Oftast på tidspunkt der det overhodet ikkje passer å gå i gang med noko sånt. Men i dag var me så heldige å ha tid når ho foreslo det! Så då teipa me fast ein lang papirrull-bit til stovebordet og gjekk i gang. Her er verket:
Noter ute til høgre eit utvalg karakterar frå Drømmehagen malt på oppdrag av mor- med seriøse mengder kunstnerisk frihet, Hinkel Pinkel ser ut som den avskyelige snømann og Ninky Nonken (til venstre) som to grønne romvesener der det eine lukter det andre i rompa. Håper eg snart kan få mala noko anna, det er Drømmehagen kvar gong og eg blir faktisk aldri bedre...

Så til den morsomme detaljen. Eg malte ein grønn "S" på når me fant ut at me var ferdige. Dermed kom det frå S: "No skal eg mala din bokstav mamma!" Og då kom denne:
Men så var ho ikkje heilt fornøyd, og så fulgte ho opp med denne:
Me har altså overhodet ikkje øvd på å skriva. Nokon gong. Så eg syns det er ganske stilig å vera såpass nære når ein er 2 år og 11 mnd, og maler bokstaven K med tjukk pensel og vannmaling.

Mala er uansett veldig moro! Eg trur eg skal kjøpa nokon bedre fargar, for disse Europrisfargane er ikkje akkurat strålande klare. Men me koser oss for det. Anbefales som regnværsaktivitet!

søndag 9. januar 2011

Tegning med forklaring

Litt før jul sto eg ved spisebordet og tegna symønster, og då ville S sjølvsagt sitta ved sida av og tegna. Så ho fekk utdelt ark og tusjar (som ikkje var bra nok sidan ho ville ha akkurat den tusjen eg hadde til eikvar tid).

Etter kvart kom denne tegningen til, med forklaring frå kunstnaren underveis:
"Her e liten runding. Eg e stor jenta kan tegna fin runding."
"Mhm, det e du jammen."
"Her e runding te! Runding utenpå! Det e mamman og bejbin det."
"Så koselig, babyen og mammaen er sammen."
"Mhm." (tegner ein tredje runding utenpå dei to første)
"Endå ein runding? Kem e det då? E det pappaen?"
"Jaha, det e pappan. Stoooooor pappa! Ojoj!"
(tenker litt, tegner så fjerde runding utenpå der igjen)
"Oj, endå ein? Kven er det då?"
(tenker endå litt, så svært frydefullt): "Det e JUUUUULETROLLET som kjem!"
"Juletrollet???? Juletrollet var jammen stort!"
"Ja, juletrollet e STOR og FALI! Seie OÆOÆOÆOÆ!"
"Å hjelpes! Farlige juletroll!"
(S tegner ein siste runding utenpå alle dei andre)
"Kven er det som kjem no då?"
"Det e mamman te juletrollet det."
"Åh? Kva seier ho då?"
"Ho seie KOM HER du ska PUSSA TENNER!"

Jupp.
Det seier mammaer nemlig.