fredag 11. februar 2011

Karnevalstider

Det var karneval i barnehagen i dag, og for eitpar veker sidan stilte eg det fatale spørsmålet "Kva vil du kle deg ut som på karnevalet, S?" Svaret kom lynkjapt og med stor overbevisning: "Grevling!" "Øh, grevling?" "Jaaaa! GREVLING!"

Jaha.
Her har me ein grevling:Så korleis skaper me ein nesten-3åring om til dette staselige søppelspisande dyret?

Vel - man tager
1) ei mor uten oversikt over eigne begrensningar
2) ein far som er villig til å ta store mengder barnepass mens mor mumler på syrommet
3) ein gammal strikkagensar
4) noko svart pelsfleece
5) eit utvaska kvitt fleeceteppe
6) og ein rest med skråbånd

samt symaskina, og eit hettegenser-mønster frå Onion.dk (20033 Trøje, vest, nederdel).
Mykje fri søm, generell hoppsasa og usannsynlige mengder lodottar følger.

Og resultatet ser me her:
Den lille grevlingen sa seg godt nøgd med kostymet:Snutedelen på hetta kan brettast inn i fall ein skulle ha lyst til å sjå noko. Det hender jo at denslags er praktisk.
I dag har ho hatt den på seg i barnehagen, med grå joggebukse og kvit body til, og sjølv om det vart for sterkt å begynna dagen med den så kom den visstnok på etter frokosten, og falt fint inn blant f.eks krokodillar, prinsesser og ein prest (!).

Så er det berre å stålsetta seg for kva det blir neste år...

4 kommentarer:

  1. Fantastisk innsats fra dere begge to! Jeg bøyer meg i støvet og satser på å sende gutta mine avgårde som fotballspillere i de samme RBK-draktene som i fjor;)

    SvarSlett
  2. Knallfine! Då eg hadde små som skulle karnevalast blei det ein leoparddrakt av eit gusjegult stretchlaken. Prikkane kom fram ved hjelp av hobbymaling og ein svamp. Eit kvitt laken blei sydd saman, pålimt raude hjerter og tal i filt og vips så var barnet hjerterdame. Den gamle brune kjolen i chenille (innkjøpt ein gong på 70-talet) blei forvandla til ein bamsedrakt med øyrer på hetta. Kjekt med slike prosjekt.
    Helsing Eva i Suldal

    SvarSlett
  3. Hoho..genialt kommet på av S og glimrende utført av mor:)

    SvarSlett
  4. Imponert!
    (men ikkje så overraska. Flink K!)

    SvarSlett